I år har me totalt 8 familieturar saman med Jotunheimen Rein. Datoane er: 21., 22., 28., 29. juni. 5., 6., 12., 13. juli 2022.
Billettane finn du her: https://booking.visbook.com/no... eller inne på Facebook arrangementet.
Nå toppen av Noreg saman med reinsdyret Iver og reingjetarane Ola og Jørn.
Målgruppe: Familie/ born
Jotunheimen Rein har med seg tamreinen Iver til Galdhøpiggen nokre datoar iløpet av sumaren.
Ein tamrein er ein av reinsdyra som gjetarane har eit spesielt godt forhald til og som er tam. Denne brukar dei å leie med grime og den er glad i å bli stelt med av folk.
Jørn og Ola er reinsgjetarar av yrke og arbeider heile året med å passe på Iver og dei andre reinsdyra. Dei er og utdanna breførare og har arbeidd som breførare i fleire sesongar hjå oss.
Denne turen startar ein times tid (oppmøte 08.00) før den ordinære turen for Juvasshytta sine overnattande. Det er avgrensa med plassar, og passar difor godt til barnefamiliar.
Fylgjet går saman med reinsdyret og førarane heile vegen opp til toppen og ned att. Det blir lagt opp til stopp undervegs der gjetarane fortel om livet sitt og let borna få klappe og kanskje halda reinsdyret.
Turen tek om lag 7-8 timer tur/retur og går i roligare tempo en vår felles tur.
Det er 4. året denne turen blir gjennomført, og den har vist seg å vere veldig populær.
Fyrstemann til mølla!
Aldersgrense her er 6 år