Galdhøpiggvegen opnar 12.april

Påske

Vi opnar bilveg og hytta i påska 2019.

For fyrste gong på mange år har vi vald å opne dørane på Juvasshytta til påske.

Dei siste åra har vi vore så heldige å ha paradiset for oss sjølve medan vi har førebudd ny sesong. No ynskjer vi å dele dette med deg, og familien din.

Frå Juvasshytta kan du starte turen på 1840 moh.
-høgare kjem du ikkje med bil i Norge.

Det ligg fantastiske toppar rett utanfor døra.
-Ymelstind, Storjuvtind, Skardstind, Veslepiggen.. for å nemne nokre av dei-

Per Arne står klar til å vise deg kremtoppane i området på ein trygg og god måte. Dette med guidar som er godt kjende og ekstremt flinke på sitt felt. Vi har vald å tilby gratis guiding til gjestar på huset, men det blir mest sannsynleg opna for å melde seg på turane om du kjem frå nede i bygda eller andre overnattingsplasser.
Her er det moglegheit for å nå toppar som er nesten utilgjengelege utan kompetanse og som ligg med lang anmarsj om du ikkje går frå Juvasshytta på ski.
Det blir artige klatretoppar som blir sikra med rappell og lett-hard klatring til toppen. Toppar med kort anmarsj og over 1500 høgdemeter skikøyring ned att.

Ynskjer du å gå på Galdhøpiggen kan du gjere dette på eige hand, eller bli med på tur med oss til toppen.

Elles blir det køyrd opp langrennspor til dei minste (og dei største),
akebakke, hopp og kuleløype.

Om vi kjem gjennom med isborr blir det moglegheit for pilking.

Følg med for middagsmeny.
Vi kjem til å heilsteike reinslår, lammelår, elghakk,
koldtbord, dessertbord.

Juvasshytta er open på dagtid heile påska og det blir moglegheit for å kjøpe seg lunsj, kaffe og kake.