Hytta og vegen er stengt for sesongen.

Heftig vær

Publisert den: 02/04/19

Med ekstemvær er det heile tida spanande å kome til fjells for å sjå til husa. Denne gongen hadde det blåse opp eit vindu.

Det har vore hardt vær på fjellet den siste månaden. Såpass hard vind har det vore at vinduet til eit lager har blåse opp og rommet fekk pudderføre. Heldigvis har vi ikkje på strømmen i hytta om vinteren så snøen hadde ikkje smelta og øydelagt noko.

Det var berre å brette opp armene og måke snøen ut ein dag været spelte på lag.

Det er ikkje for pyser å drive så høgt til fjells!