Hytta er no stengt for sesongen. Vegen er open for ferdselmellom 08.00 og 16.00. Vinterdekk kjetting kreves

Informasjon om 17.mai

Publisert den: 22/04/21

Vi er klare for å ta imot akkurat deg på nasjonaldagen. Her kjem litt informasjon om vegen, føret og dagen.

Turen til Galdhøpiggen har avgang frå Juvasshytta klokka 10.00.

Med ski på føtn og sekk på ryggen går vi i 2 rekkjer, kryssar Styggebrean. Når vi kjem over brean tek vi av oss skia og går siste og brattaste etappa utan ski.

Når vi er på toppen tek vi nasjonalsangen i lag :)

Hugs flagg i sekken!

På toppen ligg "Piggehytta", denne ynskjer vi å behalde så fin som mogleg i mange år framover så ver venleg å ikkje gå på taket.

Dei som har planar om å kjøyre heilt ned at frårådar vi å kjøyre ned Piggebrean. Det har kome ein del snø sidan påske, så det ikkje like lett å sjå dei store sprekkane og det gjer det vanskelegare å bedømme. Det er også rimeleg bratt ned Piggebrean.

Hald dykk i spora!

Per i dag (22.04.21) er vegen opp frå Raubergstulen snøbelagt, etter at ein har passert bommen. Vi har anbefalt alle å kjøyre med vinterdekk eller ha med kjetting, men det er mogleg at det kan bli bar veg til den 17. Utan at vi kan garantere noko så høgt til fjells.

Grunna covid situasjonen er denne turen i år (2021) forbeholde dei som bur på huset.

Velkomne til fjells!