Vegen er no vinterstengt. Opnar mai 2021.

Sesongen 2020 er no avslutta

Publisert den: 21/09/20

Da har me stengt dørene på Juvasshytta for denne sesongen.

Tusen takk til alle som har teke turen til oss i sumar.

Det har vore eit utfordrande år, men me er svært tilfredse med sesongen.

Frå flott skiføre i mai, med mykje vær til ein solfylt juni og kald juli med nysnø nesten kvar dag. I haust har det vore mykje ver, og dei siste vekene ein del vind.

No håpar me vinteren har kome og at nysnøen blir liggjande på toppane til langt ut i juni.

Ynskjer alle ein fortsatt god haust og vinter så håpar eg at me sjåast neste år.

Vil og takke alle dei flotte ansette me har hatt gjenom sesongen. Utan dykk hadde me ikkje klart oss.

Åss tålåst

Helsing frå Silje og resten av gjengen på Juvasshytta.