Hytta er no stengt for sesongen. Vegen er open for ferdselmellom 08.00 og 16.00. Vinterdekk kjetting kreves

Sesongen 2021 er no avslutta

Publisert den: 19/09/21

Kalenderen viser 19.september og i dag stenger me dørene på hytta for denne sesongen.

No har me hatt vår siste helg for denne sesongen. vemodig å stenge i så flott haust- vær, men og litt godt. No er me klare for kvite fjelltoppar, håpar på store snømengder, med opning av skisenter så fort som råd.

Hytta på toppen av Galdhøpiggen blir og vinterstengt frå i dag. Takk til alle fine gjester som har besøkt oss i sumar, det har vore ein flott sesong.

Ein stor takk til alle dei flotte folka som har jobba hjå oss denne sesongen, utan dykk hadde ikkje dette gått så bra

Opningstider for 2022:

13.- 18. mai

20.- 22. mai

25.- 29. mai

Kvar dag frå 3.juni til 18. september

5.juni bryllup - lukka lag.

17.-19.juni bryllup - lukka lag. (Har føring til Galdhøpiggen desse dagane).

Booking for 2022 opnar ikkje før oktober 2021.

Vegen er ope for fredsel, men kan bli stengt på kort varsel, ved værskifte. For kontakt send oss ein epost på post@juvasshytta.no eller ring 61211550 (telefontid i vinter: 10-15)


Kanskje det kan freiste å jobbe hjå oss neste sesong? Me har allereie fått nokre søknader, men treng fleir. Ynskjer du sesongjobb frå mai til september eller sumarjobb i skuleferien? Me treng servitør, brefører, kjøkkenhjelp, frukostvert, kokk, resepsjonsmedarbeider, reinhald og nattevakt. send meg ein mail på silje@juvasshytta
Sjå gjerne meir under fana "Jobbe hjå oss?"