Juvasshytta and the road is closed for the season. Opens May 8th 2025

Heftig vær

Publisert den: 10/09/22

Med ekstemver er det heile tida spanande å kome til fjells for å sjå til husa. Denne gongen hadde det blåse opp eit vindu.

Det har vore hardt ver på fjellet den siste månaden. Såpass hard vind har det vore at vinduet til eit lager har blåse opp og rommet fekk pudderføre. Heldigvis har vi ikkje på strømmen i hytta om vinteren så snøen hadde ikkje smelta eller ødelagt noko.

Det var berre å brette opp ermene og måke snøen ut ein dag veret spelte på lag.

Det er ikkje for pyser å drive så høgt til fjells!