Vegen er ope, men krev vinterdekk og eller kjetting.


Sesong 2019

29.mai - 22.september

Bookinger etter 1.juni må bestillast med guida tur

Juvasshytta er Noregs høgstliggjande fjellstugu.

Vi er næraste utgangspunkt for bestigning av Galdhøpiggen.

"Han har os vist, han har kraft og mod,

selv om det gjelder hans liv og blod.
Kom op og se, hvad han Knut har gjort,

Du vil forstaa, det er skjønt og stort.'

Vi har starta planlegging av sesongen 2020 og opningstidane ser slik ut: 15.-17. mai, 20.-23.mai bryllaup (lukka lag), 23.-24.mai, 1.juni - 20.september (frå veke 23 og ut veke 38 har vi ope kvar dag)

Det er allereie mogleg å bestille overnatting for kommande sesong. Vi opnar også nytt servicebygg og overnatting med 10 dobbeltrom med bad på rommet.

  • Hausten har annkome Juvflyet

HAUST PÅ JUVFLYET

Med hausten kjem det ofte nysnø og lufta vert kaldare. Sjeldan har du så god utsikt frå Galdhøpiggen som ein finvérsdag på hausten.

Stuttare dagar gjer at vi ikkje har soloppgangsturar etter juli.

Mari og Silje må springe over brean att med taug å hente meir folk som vil til topps ein fin haustdag.

800 meter frå oss finn du Galdhøpiggen Sommerskisenter, kanskje betre kjend som "Juvass"

Der trenar alt frå landslag til mindre klubbar, ofte fine førehald i august.

Det er fint å gå rundt hytta, sjå på vegetasjon, utsikta og høyre rupene karre. Balder likar godt hausten på fjellet.

Vegen kan og vera bar og fin langt ut på hausten, her har vi ingen fasit.

4 sengs rom i hovedhuset med bad Foto: Cathrine Dokken

5 seng rom i losjihus, med dusj og toalett i korridor. sengetøy må medbringes selv. Foto: Cathrine Dokken

Galdhøpiggen

Juvasshytta som næraste utgangspunkt til Galdhøpiggen har guida turar over breen, opp til toppen kvar dag i perioda 1.juni- 23.september kl. 10.00

Familieturen

Familieturen er ein tur i samarbeid med Jotunheimen Rein. Barnefamiliar fyljer reinsdyret Iver frå tv-innspelinga på NRK opp til toppen og ned att. Breførarane- og guidane Jørn og Ola tek dykk med på et heilt spesielt eventyr. Turen går berre nokre få datoar iløpet av sesongen 2019.

Overnatting

Juvasshytta som ei av dei eldste familiedrivne turisthyttane i Noreg tilbyr overnatting til sine gjestar i sesongen fra mai- september. Det er to ulike standarder å velge mellom. Booking skjer øverst på sida. For grupper, firma, bryllup eller lag av noko slag send oss ein mail for pristilbod og kapasitet: post@juvasshytta.no

Mat

Kjøkenet på Juvasshytta er stolte av å by på råvarer som er lokale og "stuttreist". Me er opptekne av det norske landbruket, og som ei turistbedrift veit vi at det er norske bønder som leverer dei aller beste råvarane verda har å by på. Vi strekkjer oss langt for å servere heimelaga mat sesongen gjennom.

Hytta på toppen

På toppen av Galdhøpiggen står det ei hytte som og er i Juvasshytta sitt eige. Den fyrste piggehytta vart bygd i 1888. Det er sal av kaffi, te, sjokolade, "pysje" og suvernirar som t-skjorte, pins,kopp med meir.

Les meir om den heilt spesielle historia til "Piggjehytta" her.

Prisar

Finn veien hit

Nyhender og artiklar

Utfordrende vær

Mange ringer og spør om været i helgen

BÆREMEIS OG PIGGEN

Mange er usikre på dette med bæremeis og topptur til Galdhøpiggen. Her er vår anbefaling

17.mai 2019

Vi fekk ei flott feiring av nasjonaldagen vår.

Kort informasjon om 17.mai

Vi er klare for å ta imot akkurat deg på nasjonaldagen. Her kjem litt informasjon om vegen, føret og dagen.

Viktig melding

Ikkje gå på taket på hytta på toppen av Galdhøpiggen

Heftig vær

Med ekstemvær er det heile tida spanande å kome til fjells for å sjå til husa. Denne gongen hadde det blåse opp eit vindu.

Leitar du etter andre stader å bu i Lom og Jotunheimen?

Vil du ikkje bu hjå oss, eller er det fullt? Vi har mykje andra stadar å bu på i Bøverdalen og Lom.