Hytta er stengt for sesongen. Vegen er og vi terstengt. Opnar mai 2024

MATOPPLEVING

Kjøkenet legg vekt på heimelaga mat. Mange av råvarane er lokale og stuttreiste.

Ein god dag, startar alltid med ein god frukost. Her finn du alt frå havregraut, yoghurt, frukt, kokt egg, heimelaga syltetøy og diverse ostar. Alt brød bakar vi sjølve på huset, kvar dag. Dette gjer det også lett å smørja si eiga niste til turdagen.


Middagsmenyane består av elg, hjort, rein, fisk og tradisjonell festmat for Gudbrandsdalen. Laurdagskveldane i høgsesongen byr vi inn til buffet med tradisjon. Rømmegraut, spekemat, salater og varmretter.

3 retters middag

Juvasshytta har fast middagsservering frå 18.30-21.00 i hovudsesongen(Vi avsluttar serveringa tidlegare utanom hovudsesongen om det er lite folk).

Ynskjer du å få servert mat etter dette må du gje beskjed i god tid slik at vi kan ordne noko til dykk kjem. Som turisthytte blir middagen presentert i ei eller to bordsett. det vil si at vi set saman ulike rom på same bord. Slik har det vorte gjort i fjellheimen i mange år.

Dersom du har allergier eller er vegetarianar/ veganar har vi alternativar for deg og tilpassar menyen ved behov. Dette må bestillast på førehand.

Bur du ikkje hjå oss, men ynskjer å ete middag hjå oss likevel er det fullt mogleg om det ikkje er fullt. Ring og bestill bord.

Lunsj

Frokost

Lunsjpakke

Niste må ein ha på ein dagstur. Hjå oss smør du nista di sjølv ved frokosten. Vi har mellomleggspapir og matpakkepapir.
Hugs at om du ynskjer å få fylt termosen din, ta med eigen termos å lever den i resepsjonen kvelden før.