Hytta er stengt for sesongen. Vegen er og vi terstengt. Opnar mai 2024

Firmatur

Ta med deg kollegaene på firmatur, med moglegheit for fagleg påfyll i vakre omgjevnader. Opplev meistring saman, med topptur til Galdhøpiggen. Nyt ein betre middag i vår flotte matsal der du finn roen etter ein lang dag ute.

Juvasshytta vart bygd i 1884 av Stor-Knud Vole. Han og kona Kari dreiv Juvasshytta saman fram til sonen Vesle Knut og kona Rønnaug tok over. I frå 1956 til 2006 var det Tora og Ragnhild Vole som dreiv hytta. Syskenparet Per Arne og Silje Vole arva i 2006 hytta av Ragnhild, og saman med sine foreldre Anne og Per har dei drive hytta dei siste 13 åra.

Den fyrste hytta som vart bygd i 1884 var ei steinbu som var 8 alen lang og 6 alen brei. Denne hytta har vi bygd opp ein kopi av som vi brukar ved særskilde høve, og serverer god mat og drikke til gruppar som ynskjer ei ekstra fin avslutning på toppturen sin.

På Juvasshytta har vi 145 sengeplassar fordelt på 50 rom. Du kan velje mellom overnatting på rom med 2 - 4 senger, (dusj/wc på rommet )

eller 2-5 sengs rom i nytt losjibygg (dusj/wc i korridor). Her er det ikkje hotellstandard, men nyoppussede rom i hovedhuset og relativt nytt losjihus over tunet.

I 2020 stod eit nytt hus ledig med 10 dobbeltrom med bad ferdige og 4 enkeltrom med dusj/WC i korridor.

Enkeltrom ser slik ut:

I tillegg har me ei leilighet i dette bygget, som kan leigast og nyttast på inntil 20 personar:

I eldste avdelinga av hytta har vi restaurert og bygd om til møterom med storskjerm i 2.etage.

I eldste avdelinga av hytta har vi restaurert og bygd om til møterom med storskjerm i 2.etage. Dette kan fint nyttast til møter, mindre konferanser og likande.

Juvasshytta ligger på 1840 moh, og er det næraste utgangspunktet for å bestige Galdhøpiggen. I tillegg driv vi hytta på toppen av Galdhøpiggen.

I 2013/2014 bygde me stor, flott matsal som vi nå er veldig stolte av.

Her har du panoramautsikt til både Galdhøpiggen og Glittertind samt mange andre tinder i Jotunheimen.

Kjøkenet legger vekt på heimelaga mat. Mange av råvarene er lokale og kortreist.

Vekemenyen består av elg, hjort, rein, fisk og tradisjonell festmat for Gudbrandsdalen. Alt brød bakar vi sjølve.

Spesialtur

Soloppgangstur: (Tidsrom: 1.juni – 30.juni)

2000,- per person.

Oppmøte Juvasshytta kl 23.30

Går vanlege ruta opp til Galdhøpiggen. Når vi kjem på toppen går vi inn i hytta. Her serverer vi enkel spekemat/fingermat og noko godt i glaset. Vi ser soloppgangen og går ned til Juvasshytta for å nyte en bedre frukost i matsalen før resten av gjestene på huset vaknar til liv.

Ynskjer ikkje større gruppar en 20 personer, dette for å halde det litt ”intimt” og ekslusivt.

Bør vera fint vêr.

Eigen guide til Galdhøpiggen:

10.000,- kr inntil 10 personar, og 550,- per person over dette.

For forespørsel/bestilling på gruppar henvend deg på epost til silje@juvasshytta.no

Etter tur kan vi ved ynskje tilby fylgjande:

Alternativ 1: fingermat 170,-, samt drikke kan serveres i steinbua. Her kan vi fyre opp, leggje reinsskinn på benkane og fortelje litt historie frå Juvasshytta.

Alternativ: 2: viltsupe 180,- enten inne i matsalen (bør ha avgang kl 08.30 for dei som ynskjer maten inne) eller utanfor i steinbua.

Alternativ 3: Tallerkenrett/ hovudrett inne i matsalen, 280,-

(Pris pr. pers mat i steinbua, spekemat/fingermat: 170,- + drikke einingspris, kjem an på kva folk vil ha: mineralvatn 45,- champagne (ca. 450,- pr flaske), øl 100,- vinglas 100,-)


For tilbod og tilgjenge kontakt oss på telefon 612 11 750 eller send oss ein mail på silje@juvasshytta.no

"Skal hilse fra fjellet - det evige land,

hvor moskus og jerven har bolig.

Min lengsel dit inn er blitt som en brann.

Kun der får jeg fred og blir rolig"

Utdrag frå "Skal hilse fra fjellet" av Jon Østeng Hov.