Alle billettar må førehandsbestillast i 2023. Turane kan bli fullbooka, da vi har begrensa med plassar. I lågsesong må vi ha minimum 5 påmeldte deltagarar for at turen blir gjenomført, me tek kontakt dagen før om turen ikkje skulle bli noko av.
Merk deg at turen til Galdhøpiggen er bindande. Me refunderar ikkje kjøpte billettar og dagen du bestiller er bindande. Mi anbefalar at du kjøper med gyldig forsikring om du skulle ombestemme deg. Juvasshytta selger ikkje dette.
Tidspunkt føringsturar til Galdhøpiggen 10.00 For alle 26. mai - 17. september 11.30 For alle 8. juli - 5. august
Pris: Vaksen (f.o.m. 15 år): kr. 380,- Born (aldersgrense 7 år): 330,-
Turbeskrivelse
Turen startar frå klatreveggen på vestsida av hovudhuset på Juvasshytta, ved informasjonstavlane. Har du bestilt billettar, er det oppmøte ute ved informasdjonstavla 30 min før avgangstidspunkt, her blir det gjennomført billettsjekk. I høgsesong (fellesferien) kan det verta fullt på turane, spesielt no i korona-tid da vi har større begrensingar på antal gjester.
Det blir gjeve felles informasjon.
Seler blir utdelt og tilpassa den enkelte.
Born brukar kroppssele, og desse krev litt meir justering. Guidane organiserer dette.
Ved behov blir også brodder utdelt.
Fyrste etappe av turen går inn til brekanten. Etappa går i slak stigning i omtrent 2,8km. Fyrste pause er berekna å vere ved brekanten. Det er naudsynt at deltakarane på turen tilpassar seg dette, og ikkje tek eigne pauser over lengre tid før brekanten. Alle bør ha litt mat i magen før turen startar og drikke lett tilgjengeleg. Juster bekledning når du har gått deg varm, og få i deg litt drikke.
Turen til brekanten tek i underkant av en time.Dersom deltakarane bruker for lang tid (ca 1,5 time eller meir) inn til brekanten, kan breføraren av hensyntil resten av gruppa og eigen tryggleik be deg å avbryte turen.Ved brekanten blir fyrste pause. Det er lurt å tenkje over kor mykje klede du skal ha på over breen. Detblir ikkje moglegheit til å justere dette under etappa over breen.
Alle får informasjon og grunnleggjande informasjon om brevandring.
Stramt taug over brean mellom deltakarane er viktig.
Dei som ynskjer å gå i same taulag, vener og familie, passar sjølv på at dei stiller opp samla vedtauga.
Ta spesielt omsyn til familiar her slik at born ikkje må gå åleine!
Det er livsfarlig å krysse brean åleine uten taug, utstyr og kompetanse. Det er snø som dekker sprekkane slik at ein ikkje ser dei, og vi kan oppleve gjennomslag. Brean er fra gamalt av kalt Styggebreen, ikke fordi den er stygg. Stygg betyr farleg på folkemunne.
Turen over brean omlag ca 50 min. Deretter er deltakarane kome opp i Piggura. Her løyser deltakaraneseg, på beskjed fra breførar, ut av tauga og tek ei kort pause her. Den brattaste delen av turenstartar no.
I løpet av 30 minutt til ein time er dei fleste kome opp.
Det blir ei god pause på toppen, hugs og gå inn i hytta å helse på Piggeverten.
Breførarane har avtalt møtetidspunkt enten på toppen, eller attende ved tauga. Fylgde desse og beregngjerne litt ekstra tid ned att. Viktig!
Førarane vi bruker har fleire år med røynsle i høve føring både på Galdhøpiggen og andre fjell og brear. Dei er opptekne av tryggleik og at turen skal vera ei god oppleving for deltakarane. Deltakarane er sjølve ansvarlege for å få med seg informasjon og instruksar fra førarane. Desto betre budd deltakarane er på turen, dess betre oppleving vert turen!
Nokon treng lengre tid enn andre, vis respekt for dette. Er vêret dårleg går alle samla opp og ned.Det er stas å kome på Galdhøpiggen. Sjølv om sikt og vêr ikkje har vore på topp er folk tilfredsemed å ha nådd eit mål. Vi vil gjerne at turen i seg sjølv er eit mål.
Prisar
Voksene
380,-
Born
330,-
Kommende turar
VÅR / HAUSTSESONG
Skallbekledning eller lett pustande turbekledning og regnklede
Ull innerst
Mellomlag i eks. fleece
Ullvottar og skallvottar over
Varmelag til pauser fks.
dunjakke/primaloft eller tykk fleecegenser.
gode fjellsko *kan leigast
Gamasjer
God lue * skift
Ullsokkar *skift
SOMMERSESONG
Same type av bekledning som vår/haust.
Ta gjerne med shorts
t-skjorte, gjerne i ull.
Lette vottar
Gjerne pannebånd
Sekken
God dagstursekk
Drikke minimum 2 liter
Liten termos
Nistepakke
Solbriller og solkrem -høg faktor
Solstift til lepper, nese og øyrer
Ta gjerne med stegjern og sele dersom du har. Vi deler også ut dette på Juvasshytta. Men har du eige, tilpassa deg, er det enklest. Vedrørande stegjern - breførarane gjev beskjed ved behov.
Lett fyrstehjelpsutstyr -Breførarane har med seg godt utval av fyrstehjelpsutstyr, men nokon småskadar kan dykk ordne sjølve:
Gnagsårplaster tilrår tensoplast (apotek)
Plaster
Rensevatn
Kamera -med plass på minnebrikka og fullt batteri.
Snacks sjokolade, rosin, kjeks -ta det du likar.
Kontant, vipps og kort betaling på toppen.
Gravid
Gravid på tur? det går fint så lenge formen er bra. Vi tilrår ikkje turen etter 6 mnd. Hugs at det er langt til lege om noko skulle skje, det er på eiga ansvar om du vel å vera med på turen.
Hund
på tur? på vår og haustsesongen er dette ein fint gjennomførbar tur for dei fleste hundar i god form. Midt på sumaren blir det ofte skarp blåis så da må hunden ha potesokker. Vi tilrår ikkje hund i fellesferien då det er mykje folk og ofte skarp is. Då kan vi anbefale hundepensjonat for hunden medan du eller dykk er på tur.