Galdhøpiggvegen

-Norges høgstliggande bilveg

"Folk trudde eg ha vorte gal"

-Historia bak vegen-

-"Folk trudde eg ha vorte gal da eg byrja med vegarbeidet i 1934. Det fantes nok dei som gleda seg til eg skulle øydelegge meg på tiltaket. Dei sa dei skulle forgylle den fyrste bilen som kom opp til Juvasshytta, men dei haldt ikkje ord."

Allereie i 1934 bynde Knut K. Vole å bygge veg opp til Juvasshytta.

Med spade, hakke og trillebår sette han igang arbeidet.

Ei lang historie kort fortalt vert det til slutt veg opp fra Raubergstulen til Juvasshytta.

Idag har vi asfaltert veg heilt til inngangsdøra.

Galdhøpiggvegen opnar i år for trafikk 12. april. Vegen er privateigd og drifta.

All køyring skjer etter privatrettslege reglar der alle brukare må akseptere avtalevilkåra.




Starthøgd: 550m.o.h. Slutthøgd: 1840m.o.h

Med heimel i eigedomsretten og friluftsloven av 28. juni 2957 nr. 16 §4, har grunneigar fastsatt at all ferdsel skal skje etter vilkår nedanfor:

  • Vegen kan berre nyttast av personbilar mot vegavgift. Billett skal leggjast synleg i frontruta. Bussar til Juvasshytta køyrer berre etter avtale med vegeigar.
  • Køyring med anleggsmaskiner er forbode.
  • Bil med campingvogn er forbode.
  • Regelbrot medfører eit gebyr på kr. 1000,- som blir ilagt etter privatrettslege reglar.
  • Køyring krev spesiell kompetanse og vyrdnad av sjåføren. Bremser og gir må vera i orden. Dekk/kjetting og lignende må være tilpassa vêr- og føreforhold.
  • All ferdsel langs vegen skjer på eige ansvar. Vegeigar fråskriv seg alt ansvar for skade som måtte skje på person eller materiell på eller langs vegen.
  • Vegen kan verte stengd på kort varsel. Bommen er videoovervåka.

I høgsesong om sumaren går det buss, sjå lenke:

https://www.opplandstrafikk.no/Handlers/fh.ashx?MId1=2878&FilId=7851

Finn veien hit

Lengd: 20km total stigning: 1290 høgdemeter