Hytta er stengt for sesongen. Vegen er og vi terstengt. Opnar mai 2024

Galdhøpiggvegen

-Norges høgstliggande bilveg

"Folk trudde eg ha vorte gal"

-Historia bak vegen-

-"Folk trudde eg ha vorte gal da eg byrja med vegarbeidet i 1934. Det fantes nok dei som gleda seg til eg skulle øydelegge meg på tiltaket. Dei sa dei skulle forgylle den fyrste bilen som kom opp til Juvasshytta, men dei haldt ikkje ord."

Allereie i 1934 bynde Knut K. Vole å bygge veg opp til Juvasshytta.

Med spade, hakke og trillebår sette han i gang arbeidet.

Ei lang historie kort fortalt vert det til slutt veg opp fra Raubergstulen til Juvasshytta.

Idag har vi asfaltert veg heilt til inngangsdøra.

Galdhøpiggvegen er open for trafikk når Juvasshytta har sesong. Vegen er privateigd og drifta.

Starthøgd: 550m.o.h. Slutthøgd: 1840m.o.h

All køyring skjer etter privatrettslege reglar der alle brukare må akseptere avtalevilkåra. Merk deg at det ikkje er lov å kjøyre med campingvogn opp hit.

Med heimel i eigedomsretten og friluftsloven av 28. juni 2957 nr. 16 §4, har grunneigar fastsatt at all ferdsel skal skje etter vilkår nedanfor:

  • Vegen kan berre nyttast av personbilar mot vegavgift. Bussar til Juvasshytta køyrer berre etter avtale med vegeigar.
  • Køyring med anleggsmaskiner er forbode.
  • Bil med campingvogn er forbode.
  • Regelbrot medfører eit gebyr på kr. 1000,- som blir ilagt etter privatrettslege reglar.
  • Køyring krev spesiell kompetanse og vyrdnad av sjåføren. Bremser og gir må vera i orden. Dekk/kjetting og lignende må være tilpassa vêr- og føreforhold.
  • All ferdsel langs vegen skjer på eige ansvar. Vegeigar fråskriv seg alt ansvar for skade som måtte skje på person eller materiell på eller langs vegen.
  • Vegen kan verte stengd på kort varsel. Bommen er videoovervåka


I høgsesong om sumaren går det buss, sjå lenke:

https://www.opplandstrafikk.no/Handlers/fh.ashx?MId1=2878&FilId=7851

Våren 2022 fekk me ny automatisk bomstasjon. Dette betyr at vi no slepp kø.
Betaling skjer enkelt via www.passpay.no eller i terminal oppe på parkeringa til Juvasshytta. Betal innan 48 timer etter passering.
Er ikkje passeringa betalt innan 48 timar vil avgifa fakturerast.
Faktura går til eigar av kjøretøyet. Fakturagebyr kjem i tillegg til avgifta.
Skal du kjøyre mange turar vil det lønne seg å abonnere.
Gå inn på www.passpay.no via «Min side» (logg inn) og kjøp abonnement.

Bil: 150,-

Minibuss/campingbil: 200,-

Buss: 500,-



Finn veien hit

Lengd: 20km total stigning: 1290 høgdemeter