Hytta er stengt for sesongen. Vegen er og vi terstengt. Opnar mai 2024

Du finn oss på høgfjellet, 1840 meter over havet. Her er vi over tregrensa, permafrosten med stein og ur dominerar. Likevel vil vi si at det er mykje vegetasjon å sjå på, berre du rettar blikket ned på bakken. Til dømes har vi reinlav, kartlav, isolleie og raudsildre.

Frå matsalen har vi majestetisk utsikt til to av Noregs høgaste toppar, samstundes har vi det bregrøne Juvvatnet framfor oss.

Hytta har vore i familien Vole frå den vart bygd i 1884 og har frå den tid vore privateigd- og drifta.

Vi ynskjer at Juvasshytta skal ta vare på si historie, samstundes vera nyskapande og møte dagens forventningar.

Til deg som kjem på besøk vil me berre si kjære gjest og turdeltakar.

Vi vil gjere vårt beste for at nett du skal få ei så god og trygg oppleving som mogleg.

Det er kunnskapsrike, trivelege, serviceinnstilte og trygge breførarar/guidar i arbeid.

Alle har relevant utdanning for turen. Ein del er særs erfarne, andre er i ferd med å få erfaring.

Vær, føre og forhold undervegs kan vi aldri forutsi lang tid på førehand.

Me har det utstyret og den kompetansa som er naudsynt for ein trygg og gjenomførbar tur. Nokon gonger tvingar naturen og forholda oss til å leggje om ruta, snu eller på andre måtar leggje til rette.

Du som gjest må og ta ansvar. Rett personleg utstyr for alle typar vær og føreforhold. På Juvasshytta leiger vi ut fjellsko, så du treng ikkje kjøpe nye fjellsko, berre for denne eine turen. Manglar du klede, sekk eller liknande som du ikkje treng seinare kan eg anbefale deg å gå inn på https://www.naturopplevingar.no/ som leiger ut det meste du treng av fjellutstyr. Her treng du ikkje å kjøpe nytt utstyr. Dei ligg sentralt til i Lom sentrum, og du bookar lett via nettsida.

For at naturen og fjella skal forbli vår attraksjon må alle som ferdast ta ansvar. Alt vi tek med oss på turen skal vera med heim att. Det er ikkje toalett undervegs på turen. Eventuelt papir som nyttast må brennast eller takast med heim.

Har du med deg hund så prøv å gå litt utanfor stigen når denne må gjere frå seg. Vi ynskjer ikkje bruk av plastpose til avføringa, brukar du dette må du leggje posen på sekken med ein gong.

I Lom og Bøverdalen er vi opptatt av berekraftige mål og ynskjer at framtidige gjester og generasjonar skal oppleva nasjonalparkar og friluftsområder slik vi får.

Viktigaste av alt, kos deg på tur! Nyt kropp og hovud i krevjande, majestetiske og vakre omgjevnader.

Rydd etter deg- det er så enkelt!

På kjøkenet legg me vekt på norske rådvarar, både grønnsakar, kjøtt og fisk. I distriktet har vi mange gode matprodusentar. Vi bakar og alt brød til frukost på huset.

Familien Vole ynskjer deg velkomen til fjells!