På Juvasshytta har vi ledige stilling for kommande sesong. Ynskjer du en jobb på 1840 meter over havet?
Me har omlag 30 ansatte i løpet av sumaren
Ynskjer du å arbeide hjå oss 2025 sesongen kan du nå søke.
Juvasshytta har lange tradisjonar og ei rik historie, heilt sidan Stor-Knud Vole bygde hytta i 1884. I dag vert ho driven av syskenparet Per Arne og Silje Vole, saman med sine foreldre Anne og Per. Me legg stor vekt på gjestane si oppleving og ynskjer å servere god, ekte mat basert på lokale råvarer.
Opplev fjellheimen medan du lagar mat med hjartet!
No ser me etter ein engasjert kokk som vil vera med oss i kommande sesong!
Kva me tilbyr:
Om stillinga:
Kven er du?
I ei ledig stund kan du nyte det blikkstille Juvvatnet medan du ser fjell møte fjell i horisonten. Du får oppleve rypekull nær husveggen om hausten og sjå sola gå ned over Hestbreapiggane. Meir enn noko anna vil du vere med å gje slitne, glade og svoltne gjestar ein uforgløymeleg matoppleving.
Me ser fram til å høyre frå deg!
- Kjøkenassistent over 18 år
Som kjøkkenassistent må du gjerne ha erfaring frå tidlegare arbeid på kjøken. Du er kokkens "høgre" hand og assisterar kokken med det arbeidet som trengs.
- Frukostvert/vertinne, frå 16 år
Her startar du tidleg på morgon og har ansvar for at gjestane våre får ein god start på dagen. Du er med å set fram frukost, fyller på fat undervegs, held orden i matsalen og ryddar inn etter endt frukost.
- Reinhald, frå 15 år
Som reinhaldar må du rekne med å vera med på romvask og vask av felles areal på huset.
- Servitør frå 16 år
Som servitør er du med på middagsservering på kveldstid.
- Resepsjonist (fylt 20 år)
Her kan det vera høgt arbeidstempo, du må væra lett å samarbeide med da me ofte er fleire på jobb samtidig, vera serviceinnstilt og imøtekommande. Generelt glad i folk :)
Me har eiga hus for dei ansette der 2 og 2 deler soverom, og felles bad og opphaldsrom med alle på huset.
Jobb måndag til sundag med ein fridag i veka, samt fri kvar 3.sundag. Ferie utover dette etter avtale. Fri kost og losji (skattepliktig), 3 faste måltider per dag som er tidsbestemt. Mat ut over dette må du sjølv ha i personalboligen, der er det felles kjøleskap. vannkoker, TV, micro finns også i felles arealet.
Me anset fleire i sommarferien slik at du kan søke på spesifikke datoar. Det er dog størst sjanse for å få arbeid om du søkjer over ei lengre periode.
Sesongen for 2025 ser slik ut
8.-11.mai - toppturhelg
Sesongopning 8. mai - ope kvar dag fram til 14.september med daglege turar til Galdhøpiggen
Hytta på toppen av Galdhøpiggen er bemanna i høgsesongen, frå medio juni til medio august. Det er Juvasshytta som eig og driftar hytta.
Som hyttevert bur du på hytta opptil 5 døgn av gongen. Dette er ein unik moglegheit til å oppleve fjellet på nært hald og bidra til at gjestane får ei fantastisk oppleving på Noregs høgaste fjell.
Arbeidsoppgåver:
Kven er du?
Om du kan arbeide berre i sommarferien er det fint om du kan koma opp nokre helgar om våren og arbeide og gjere deg kjent med Juvasshytta og området rundt oss.
Send oss søknad på silje@juvasshytta.no, merk med "søknad jobb 2025", skriv litt om deg sjølv, legg ved attest, CV og periode som er aktuell for deg å jobbe.
Me ser fram til å høyre frå deg!
Me ansett omgåande om du er rett person for oss :)