Hytta er stengt for sesongen. Vegen er og vi terstengt. Opnar mai 2024

Overnatting

Juvasshytta har 144 sengeplasser fordelt på 50 rom. Du kan velje mellom overnatting på rom med 2 - 4 senger, (dusj/wc på rommet, her er det ikkje mogleg å ha med husdyr)

eller 3-5 sengs rom i losjibygg (dusj/wc i korridor).

Alle bilder av rom: Cathrine Dokken

Hausten 2019 stod eit nytt hus ferdig oppe på Juvflye. Dette huset har fått navnet "Juva". Konstruksjonen på bygget er av massivtre. Det er og ei leilighet i huset, her har vi bord til 20 personar og kan leigast ved spesielle anledningar og lag.


I 2.etasje ligg det 10 dobbeltrom med eiga bad.

Eitt av romma som har fått navnet "Glittertind" har og ein sovesofa.


I tillegg i dette bygget har vi 4 stk enkeltrom, dusj/WC i korridor. Elles finn du skoutleige, serviceanlegg med dusjar, toalett og stort tørkerom.

Vi har nokre rom der du kan ta med hund. Hunden må liggje i bur og kostar kr. 100,- i tillegg.

NB! Det er ikkje tillete med hund/husdyr på nokon av romma som har eiga bad.

Betingelser

Vi ynskjer å prioritere rom til dei som går på tur med breførarane våre. Vi har tilsette breførarar gjennom heile sesongen som vi treng jobb til. Av den grunn kan vi ikkje reservere overnatting dersom du går med ein ekstern aktør til toppen. Vi ynskjer deg sjølvsagt velkomen om du berre vil bu på Juvasshytta utan tur, eller er med i eit reisefylgje som skal gå på Galdhøpiggen.

Avbestilling

Ordren kan fritt avbestillast inntil 3 veker før opphaldet/reisa startar. Ved avbestilling seinare enn 3 veker før opphaldet/reisa startar, er du forplikta til å betale ein %- vis del av avtala pris, jfr. ordrebekreftinga under

pkt. 1, som følger:

Ved avbestilling 3 til 1 veke (7 dager) 25 %

Ved avbestilling 7 til 3 dager 50 %

Ved avbestilling 3 dager til oppstart 100 %

Dersom du er usikker på om du kjem til å benytte deg av ytinga tilrår vi at du teiknar ei avbestillingsforsikring.