Skiene er kanskje ikkje rydda? Bunadskjorta ikkje stroke? Eller ynskjer du berre å koma deg vekk?
Tradisjon tru går vi 17. maitog til toppen av Noreg også i år. Turen er gratis for alle og byrjar klokka 10.00 utanfor Juvasshytta.
Gjer som alle andre fjellfantar, ta med deg skia og gå i tog til Galdhøpiggen på 17. mai i år!
Det blir allsang på toppen og vi vonar alle hugsar flagg på sekken.
Vegen opp til Juvasshytta er open, men det kan vere at du trenger piggekk for å koma opp. Det er mogleg å ordne samkjøring på eventet på Facebook. Vi serverar koldtbord frå kl. 15.00-17.00 med tradisjonsmat frå Gudbrandsdalen. Rein, rummegraut, spekemat, heimebaka hardbrød, gode salatar og vegetarmat, dessertbord.
Hugs at turen er gratis for alle- inga påmelding!
Velkomen til årets 17. maitog!