The road and Juvasshytta is closed. opens May.

I morgon opnar me

Publisert den: 11/04/23

Det nærmar seg påske og opning av hytta og vegen.

I morgon tidleg opnar me vegen frå Raubergstulen og opp til Juvasshytta. Du må ha vinterdekk for å kjøyre opp. Merk deg at om været snur og blir dårlegare kan det skje at me må stenge vegen.

Været ser heilt nydeleg ut i helga så det er berre å finne fram solkrem og brillane, kom deg ut! Her er nokre bilete frå dei siste dagane med førebuingar til opning. For det meste har det gått i å grave fram husa, mykje snø i fjellet.


Velkomen til fjells!