Juvasshytta og vegen er stengt for sesongen.

TIL GALDHØPIGGEN 2469MOH


Sesong frå 31.mai til 14. september


Alle billettar må førehandsbestillast i 2025. Turane kan bli fullbooka, da vi har begrensa med plassar. I lågsesong må vi ha minimum 5 påmeldte deltagarar for at turen blir gjenomført, me tek kontakt dagen før om turen ikkje skulle bli noko av.

Merk deg at turen til Galdhøpiggen er bindande. Me refunderar ikkje kjøpte billettar og dagen du bestiller er bindande.
Me anbefalar at du har gyldig forsikring om du skulle ombestemme deg.
Juvasshytta sel ikkje dette.

Du kan bestille billett til Galdhøpiggen etter nyttår.

Tidspunkt føringsturar til Galdhøpiggen
10.00 For alle 31. mai - 14. september

11.20 For alle 12.juli - 26.juli

Pris:
Vaksen (f.o.m. 15 år): kr. 490,-
Born (aldersgrense 7 år): 420,-

Turbeskrivelse

Turen startar frå klatreveggen på vestsida av hovudhuset på Juvasshytta, ved informasjonstavlane. Har du bestilt billettar, er det oppmøte ute ved informasdjonstavla 30 min før avgangstidspunkt, her blir det gjennomført billettsjekk. I høgsesong (fellesferien) kan det verta fullt på turane.

  • Det blir gjeve felles informasjon.
  • Seler blir utdelt og tilpassa den enkelte.
  • Born brukar kroppssele, og desse krev litt meir justering. Guidane organiserer dette.
  • Ved behov blir også brodder utdelt.

Fyrste etappe av turen går inn til brekanten. Etappa går i slak stigning i omtrent 2,8km. Fyrste pause er berekna å vere ved brekanten. Det er naudsynt at deltakarane på turen tilpassar seg dette, og ikkje tek eigne pauser over lengre tid før brekanten. Alle bør ha litt mat i magen før turen startar og drikke lett tilgjengeleg. Juster bekledning når du har gått deg varm, og få i deg litt drikke.

Turen til brekanten tek i underkant av en time.Dersom deltakarane bruker for lang tid (ca 1,5 time eller meir) inn til brekanten, kan breføraren av hensyntil resten av gruppa og eigen tryggleik be deg å avbryte turen.Ved brekanten blir fyrste pause. Det er lurt å tenkje over kor mykje klede du skal ha på over breen. Detblir ikkje moglegheit til å justere dette under etappa over breen.

Alle får informasjon og grunnleggjande informasjon om brevandring.

  • Stramt taug over brean mellom deltakarane er viktig.
  • Dei som ynskjer å gå i same taulag, vener og familie, passar sjølv på at dei stiller opp samla vedtauga.
  • Ta spesielt omsyn til familiar her slik at born ikkje må gå åleine!

Det er livsfarlig å krysse brean åleine uten taug, utstyr og kompetanse. Det er snø som dekker sprekkane slik at ein ikkje ser dei, og vi kan oppleve gjennomslag. Brean er fra gamalt av kalt Styggebreen, ikke fordi den er stygg.
Stygg betyr farleg på folkemunne.

Turen over brean omlag ca 50 min. Deretter er deltakarane kome opp i Piggura. Her løyser deltakaraneseg, på beskjed fra breførar, ut av tauga og tek ei kort pause her. Den brattaste delen av turenstartar no.

I løpet av 30 minutt til ein time er dei fleste kome opp.

Det blir ei god pause på toppen, hugs og gå inn i hytta å helse på Piggeverten.

Breførarane har avtalt møtetidspunkt enten på toppen, eller attende ved tauga. Fylgde desse og beregngjerne litt ekstra tid ned att. Viktig!

Førarane vi bruker har fleire år med røynsle i høve føring både på Galdhøpiggen og andre fjell og brear. Dei er opptekne av tryggleik og at turen skal vera ei god oppleving for deltakarane. Deltakarane er sjølve ansvarlege for å få med seg informasjon og instruksar fra førarane. Desto betre budd deltakarane er på turen, dess betre oppleving vert turen!

Nokon treng lengre tid enn andre, vis respekt for dette. Er vêret dårleg går alle samla opp og ned.Det er stas å kome på Galdhøpiggen. Sjølv om sikt og vêr ikkje har vore på topp er folk tilfredsemed å ha nådd eit mål. Vi vil gjerne at turen i seg sjølv er eit mål.



Prisar

Voksene

490,-

Born

420,-

Kommende turar

VÅR / HAUSTSESONG

- Skallbekledning eller lett

pustande turbekledning og

regkle.

-Ull innerst

-mellomlag i fks. fleece

-Ullvotter og skallvotter over.

-Varmelag til pauser fks.

dunjakke/primaloft eller tykk

fleecegenser.

-gode fjellsko *kan leigast

-Gamasjer

-God lue * skift

-Ullsokker *skift

SOMMERSESONG

- Same type av bekledning

som vår/haust.

-Ta gjerne med shorts -tskjorte, gjerne i ull.

-lette votter

-Gjerne pannebånd

Sekken

• God dagstursekk

• Drikke min. 2 liter

• Liten termos

• Nistepakke

• Solbriller og solkrem -høy

faktor

• Solstift til lepper, nese og øyre

• Ta gjerne med stegjern og sele

dersom du har. Me deler også

ut dette på Juvasshytta. Men

har du eiga, tilpassa deg, er

det enklast. Ang. Stegjern

breførerene gir beskjed ved

behov.

• Lett fyrstehjelpsutstyr -Breførerene har med seg godt

utval av fyrstehjelpsutstyr, men

noko småskader kan de ordne

sjølv: -Gnagsårplast anbefaler

tensoplast (apotek) -Plaster -Rensevatn

• Kamera -med plass på

minnebrikken og fullt batteri.

• Snacks sjokolade, rosin, kjeks

ta det du likar

• hytta på toppen er ope, der tek me Vipps, kontantar og kort (så lenge nettet funkar!)

Gravid

Hund

Du må gjerne ta med din firbeinte ven på tur, om den er vandt til dagsturar. Merk deg at det ofte er med andre hundar på turen og.
Mykje grov ur og tidvis kan det vera is på brean om sumaren.
Hunder kan bli sårføtt. Ta med potesalve/ sokkar om den er vandt med det.
Me ynskjer ikkje bruk av poser til avføring, da dei blir lagt att i naturen. bruker du dette hend du den på sekken umiddelbart.