Hytta og vegen er stengt for sesongen.

Hytta på toppen

VOLEHYTTA PÅ GALDHØPIGGEN.

Juvasshytta stod ferdig med plass til 4 personar sumaren 1884.

Knud forsto tidleg at det måtte byggjast ly for vêr og vind òg på sjølve Galdhøpiggen-2469 meter over havet. Han var nok framsynt, Knud, når han såg for seg ein vaksande trafikk og behov for å kome innomhus på Noregs tak på ruskete dagar.

Byggmaterialet vart drege og bore opp frå Juvasshytta og i 1888 stod Volehytta ferdig. Allereie fyrste sesongen var det 172 besøkjande.

I "Stor- Knuds" glansdagar, i perioda medio 1880-1920 åra, var champagnen på toppen samtaleemnet blant vandrarane i Jotunheimen. På toppen skåla dei for Noreg, fjella og etter 1905, Kongen, Dronninga og den vetle Kronprinsen.

«-og nedturen gikk med liv og lyst»

Storm og uvær tok etterkvart hytta på toppen. Sonen «Vesle-Knut» førte opp den neste, som stod ferdig i 1926. I alt hadde han 300 turar til toppen den sumaren hytta vart bygd.

Vinteren 1968 kom nok ein storm som tok hytta. Dagens hytte var sett opp av Ragnhild og Tora Vole, døtrene til Vesle- Knut, og denne sto ferdig i 1975. Arkitekten bak var Torbjørn Fjelstad og snekker var blant andre Gunnar Vole.

Skjåk Almenning gjorde ferdig materialpakker og eit solid fundament vart ordna, for å sikre hytta mot vêr og vind i framtida.

Stordelen av frakta skulle gå luftvegen denne gongen, men sumaren kom med dårlig flyvêr. Ein dag med klårvêr lukkast dei og dei tyngste lyfta vart da gjort med helikopter medan inventar og takbelegg vart bore opp. Den tyngst børa var på 84kg. Den tok Per Vole. Hytta vart reist, 72 m2 stor og bolta fast i fjellet.

DAGENS HYTTEDRIFT

Anno 2019 er hytta på toppen bebudd i høgsesong medio juni til medio august. Det er Juvasshytta som eig og driftar hytta.

Før og etter denne perioda er det guidane på Juvasshytta som held hytta open den tiden på dagen dei er der med gjestane sine.

Det er naturleg nok ikkje toalett på hytta - men det kan vera greit å vite dette på førehand.

All vare som er av volum, samt gass, vert floge opp med helikopter inntil 4 gonger per sesong. Førarane frå Juvasshytta ber med seg ferskvare på sine daglege turar opp.

Dei som jobbar der bur der, men er nede på fridagane sine.

Alt avfall skal gjestane sjølve bera ned. For å få til dette er det viktig at alle tek med sitt papir, bokser osb og kastar det i containere /søppelkasser på Juvasshytta eller Spiterstulen. På denne måten kan vi unngå å nytte helikopter for å frakte ned avfall ved slutten av sesongen og vanen med å rydde etter seg over alt ute i naturen er viktig å repetere.

PRAKTISK OM HYTTA PÅ TOPPEN

Det er lurt å ha med kontanter da det er varierende dekning på bankterminalen.

VIPPS er òg mogleg.

Du kan kome inn og varme deg, ete nista di og handle i kiosken.

Vis respekt for at fleire vil inn i hytta, lat andre sleppe inn når du har skifta og ete.

Vi tilrår at du alltid har ekstra klede i sekken. Om du når toppen utanom opningstidene kan det verte kaldt og ein kan verte kald etter å ha sitte inne og.

Vi sel:

- varm og kald drikke

- wienerpølse i lompe

- sjokolade,vatn og mineralvatn.

Souvernir som:

T-skjorte, buff, kopp, pin, stoffmerke, diplom som er stempla og signert av føraren din.

Varelageret kan variere noko og det er ikkje alltid like enkelt å få fyllt opp att. Vi tek atterhald om at det difor kan vera utseld for eitkvart i periodar.