BÆREMEIS OG PIGGEN

Publisert den: 15. 08 19

Mange er usikre på dette med bæremeis og topptur til Galdhøpiggen. Her er vår anbefaling

Mange ynskjer gjerne å koma igang att etter fødsel, og vil ikkje la borna bli eit hinder for turar og nye mål. Du har trena mykje, og barnet har vorte godt vant med å væra i bæremeis.

Vi ynskjer at du skal tenke over dette før du legg ut på topptur med born i bæremeis:

1) Steinur. I høgfjellet slik som på Juvasshytta er det mykje grov steinur, og glatte isparti. Det er fort gjort å dette på turen, og vi opplev at folk slår seg kraftig ved fall nesten kvar dag. Når ein går med bæremeis har ein mange ekstra kilo å bæra opp til toppen. I tillegg til at tung ryggsekk gjer at balansa blir svekka vil ein bli meir sliten av å bæra barnet. Dette gjer at ein får svekka koordinasjon og sjansen for å stupe i steinura er stor. Tilogmed våre flinke førare som er godt fjellvandte dett i steinura. -Det er fort gjort å tuppa borti ein stein. Det er på tur nedover at folk oftast fell, og om ein sklir og dett bakover på stein kan ein skade barnet stygt.

2) Over breen: Det er heilt uforsvarleg å krysse ein bre med bæremeis eller born på mage, rygg, aksler. Om du dett ned i ein bresprekk vil du med stor sannsynlegheit klemme (i verste fall ihel) bornet om du har det festa til ryggen/magen.

3) Soleksponering: Sola er kraftig på Norges tak, du kjem ikkje nærare sola i Norge på denne tida. I tillegg til at sola er skarp gjev refleksjonen frå snø og is det til ein reel fare for solblindheit. Det er difor uhyre viktig at alle har på solbrillar gjennom heile dagen, og born må smørast med spf 50. (vi ser at det er neste umogleg å få små born til å sitje i meis med solbriller på over breen)

Sidan små barn er følsomme mot sterk soleksponering frarådar vi difor at dei er ute så lenge i den sterke sola. Hugs at solskjerm ikkje er godt nok mot refleksjon frå breen.

4) vær og vind: det er store forskjellar på vær og vind og været snur fort. Det har skjedd at vi har møtt fortvila foreldre som har gått seg på styggevær med små barn i bæremeis nesten på toppen. Det er ekstremt vanskeleg å temperaturregulere små born, og fare både for overoppheting og hypotermi er reel.

5)tidsbruk: Turen varar mellom 6-7 timar tur retur. Er det forsvarleg å la så små born sitja i bæremeis i 3-4 timar i strekk? Om ein ikkje er i ekstremt god form vil det og spele inn på kor lange pauser ein får på turen. Tung sekk=tungt å gå = lengre tid = mindre tid til pause = meir tid som bornet må sitja i meisen.

6) og kanskje det vikitgaste: Turgleda!

Vi kan berre love deg at turen blir ikkje like fin om du skal bære ein 5-15 kg bæremeis. Du kan garantere vonde skuldre, kne og såre føtter. Barnegråt og du får ikkje så mykje tid til øvrige born og ikkje minst deg sjøl. Så la oss oppfordre deg og familien: Ta denne dagen og bruk den på deg sjølv og venniner, kompiser eller resten av familien. La den yngste bli att med mor, far eller besteforeldre/barnevakter. Har du større barn er det mykje trivlegare for dei om du brukar tida på nettopp dei. Går i deira tempo og kosar dykk!

Velg markaturar, eller fine hytte til hytte turar. Spør i turistinformasjonen eller sjå fine turar og få tips til turar som er fine med bæremeis av andre foreldre. Ikkje velg høgfjellet med stein og is. Og ihvertfall ikkje Galdhøpiggen. Det er vår største frykt at det skal skje noko med dei minste oppi heimen hjå oss.