Vegen er open.

17. Mai på Noregs tak

Skiene er kanskje ikkje rydda? Bunadskjorta ikkje stroke? Eller ynskjer du berre å koma deg vekk?

Tradisjon tru går vi 17. maitog til toppen av Noreg også i år. Turen er gratis for alle og byrjar klokka 10.00 utanfor Juvasshytta.

Gjer som alle andre fjellfantar, ta med deg skia og gå i tog til Galdhøpiggen på 17. mai i år!

Det blir allsang på toppen og vi vonar alle hugsar flagg på sekken.

Vegen opp til Juvasshytta er open, men det kan vere at du trenger piggekk for å koma opp. Det er mogleg å ordne samkjøring på eventet på Facebook. https://www.facebook.com/event... Vi serverar koldtbord frå kl. 14.00 med tradisjonsmat frå Gudbrandsdalen. Rein, rummegraut, spekemat, heimebaka hardbrød, gode salatar og vegetarmat.

Hugs at turen er gratis for alle!

Bordreservasjon til silje@juvasshytta.no

Spørsmål elles kan rettast til post@Juvasshytta.no

Velkomen til årets 17. maitog!