Hytta er stengt for sesongen. Vegen er og vi terstengt. Opnar mai 2024

På menyen i haust

Vi køyrer ofte supe som forrett, potetsupe, blomkålsupe, tomatsupe eller fiskesupe. I tillegg har vi rein, elg eller hjort med haustens grønsaker til som hovudrett. Dette er mat som varmar etter ein lang dag på tur.

Hugs dersom du ikkje bur her men likevel vil ete her er dette fullt mogleg. Ring oss å bestill bord.

Dersom du har allergier eller er vegetarianar/ veganar har vi alternativar for deg og tilpassar menyen ved behov.

Reinen vi serverar er reinsdyr frå Lom tamreinlag. Dette er dyr som beitar i området rundt hytta og i Jotunheimen året rundt.

Det er ikkje uvanleg å møte på reinsdyr når du går til Galdhøpiggen. Om sumaren er dei ofte inne på breane for å kjøle seg ned, og dei trivst godt høgt til fjells når det blir varmt nede i bygda.

Her er flokken på Styggebrean på vinterstid. Ser du godt etter ser du hytta på toppen heilt kvit av snø.

Lom Tamreinlag har sidan 1926 vore i drft, nesten 100 år! Det er den største kjøttprodusenten vi har i bygda vår. Flokken er på omlag 2.400 dyr på vinterstid, med 4 fast ansette reingjetarar.

I månadsskifte august/ september samlar gjetarane flokken og førebur haustslakting.

Bileta av rein er teke av Jan Stokstad som har vore reingjetar i 30 år. For meir informasjon og bilete frå Lom Tamreinlag sjå her: http://lom-tamreinlag.no/